Home

Camilla Fonneland Sandberg

Tel: 9511 8777

cfonneland@gmail.com

 

Mine siste arbeid viser fragment av natur, omgjevnadar og nokre gonger spor av menneske. Eg beskriv romlege mellomsituasjonar- kjensla av å vere på veg mellom stadar. Å bevege seg i rom med referansar til naturen. Tittelen på siste utstillinga mi «Fototropisk» er eit omgrep frå botanikken. Fototropisme handlar om plantane si snu-evne. Om evna plantane har til å vekse ut av skuggen og strekke seg mot lyset.

Eg arbeidar med maleriet sine moglegheiter og undersøkjer overgangar mellom flater og teksturar. Eg arbeidarogså med romleg abstraksjon,er opptatt av komposisjon, balanse og ubalanse- undersøkjer kvalitetar i ulike materialer der eg leikar meg med forskjellige underlag og tegnar med kol og kritt, salt, pussepapir, spaymaling, tre osb...gjerne kombinert med maling.

 

 

Copyright © All Rights Reserved